Høgtidsdag og 10-års jubileum for Haakon td gyldne Hjelm 28.04.2015

I jubileumsheftet for 10-års jubileet for Haakon td gyldne Hjelm står det:
«Det er berre to varige gåver me kan gje borna våre. Det eine er røter, det andre er vengjer», Holding Carter
Tida flyg og jammen snur sola i disse dagar. Det er ikkje rart åra går, eller kjem slik ein og kan sjå det.
Når no sommaren byd på litt rolegare dagar, vert det høve til å sjå attende på eit aktivt vårsemester i logen vår. Det som utan tvil står fram som det store høgdepunktet er jubileumsfeiringa den 28. april, som og er høgtidsdagen for Haakon td gyldne Hjelm.

Provincialmester i Bergens Provincialloge og fungerende embedsverk Provincialmester i Bergens Provincialloge og fungerende embedsverk Foto: Frode Larsen

Dagen byrja med ein tradisjonell og uformell lunch på Fitjar Fjordhotell for Embedsmenn frå eigen loge og representantar frå Bergens Provincialloge, logane i Stavanger og logane i Haugesund. Her vart gratulasjonar, gåver og venlege lukkeønskingar framsatt frå gjestene.

Det varma å høyra den omtanke våre vener i sør og nord syner for vårt kjære logefellesskap, noko som kom fram i talar ved bordsete. Samtlige gjester roste det arbeidet som er lagt ned gjennom 10 år og at logen no står fram som ein flott loge både i bygning og organisasjon. I sin tale la vår ordførande mester Karl Sandvik vekt på at me er umåteleg glade for den støtta me har fått frå våre vener i Haugesund og Bergen. Utan hjelp frå dei hadde nok arbeidet med å byggja opp logen til det den er i dag vore vanskeleg, for ikkje å sei umogeleg. Logane i Stavanger har me hatt litt mindre kontakt med i reint praktiske saker, men me er trygge på at om me hadde spurt ville nok hjelpa kome med ein gong, sa broder Karl. Logane i Stavanger sa i sin tale til jubilanten at det i grunn var rart at logen ikkje er eldre, for Haakon td gyldne Hjelm har lenge framstått som ein godtfungerande loge, og representanten frå Stavanger trakk fram at den flotte III gradssalen på Stord har vore ein mal for andre for korleis ein slik bør lagast.

Lunchen vart runda av ved at Rolf Tefre, som er ein av logen sine to faddrar, gav logen ved Ordførande Mester, ein flott «gullhjelm» på sokkel. Det var ein gullfarga hjelm i full størrelse med logenavnet på, som – utanom sjølvsagt at det er hovudelementet i våpenskjoldet og namnet til logen vår- syner tilbake til historia om Haakon den Gode som mottok ein gullhjelm av storbøndene av di han var så godt likt.

Etter lunchen var det klart for I gradsmøte i logebygget på Almås. Her var me glade for å kunne ta imot Provincialmester Egil Herman Sjursen med følge til eit verdig og godt møte.
Alle seter i salen var fulle – det var 81 brødre samla - og Provincialmester gav klubba tilbake til OM Karl Sandvik for å leia oss gjennom arbeidet.

Heldig var han som fekk vera recipiend denne dagen og fekk sjå så mange oppmerksomme og engasjerte brødre når han kom inn til oss. Det var ei fin oppleving for oss alle. Embedsverket var svært godt førebudd og Overkantor Stig Wernø Holter spela nydelig orgel for høvet og var med på å gje møtet ekstra kraft og høgtid. Det var ein feststemt samling brødre som gjekk til kveldens formelle taffel og fylte salen til siste stol.

Provincialmester Egil Herman Sjursen holdt ein flott tale som inneholdt gratulasjonar til resipienden og til logen i høve jubileet og for det arbeidet som er gjort til no. Talen peika og framover på det arbeidet som skal gjerast i åra som kjem. Han tok for seg «vandringen» som frimurar den enkelte gjer, ei vandring som skal gje oss lærdom om oss sjølve slik at me kan vera til beste for våre medmennesker. Me må arbeida med vår indre utvikling gjennom eit gjennomprøvd læresystem basert på eit kristent fundament. Det er gjennom handling at me skal foredlast og det er vår plikt til å visa dette for omverda. Den individuelle utviklinga skjer i eit godt fellesskap. Haakon td gyldne Hjelm har i 10 år no bygd ei god ytre og indre ramme for dette arbeidet, sa Provincialmesteren. Han minna logen på sitt ambisiøse valgspråk: Veritas Justitia Pax aeterna (Sannhet, Rettferdighet, Evig fred) og akkurat dette kunne vera ei godt rettesnor for det komande arbeidet i Haakon td gyldne Hjelm.

Ordførande Mester, Karl tok i sin tale vidare fatt i den jobben den enkelte skal gjera på si frimurarvandring, både som ein innsikt til resipienden og – som alltid – som gode tankar til alle brødrene ved taffelet. Broder Karl peikte på at sjølv om ein kjem til eit fellesskap er det oss sjølve ein kjempar mot. Det er våre eigne laster og lyter ein skal jobba med å fjerna. Frimureriet skal påverka oss til at me får større sjølvinnsikt, eit tolerant syn på våre medmennesker og til eit livssyn som gjev harmoni og balanse.

For å koma dit må ein gripa fatt i dei impulsar og signal ordenen sine ritual og seremoniar byd på. Sjølverkjennelse er vanskelig, fordi me har så einsidig syn på oss sjølve. Heile meininga med frimureriet kan uttrykkjast med stikkorda: Personlighetsvekst, broderfellesskap og kjærleik til medmennesker og vår Skapar.

For å tileigna seg desse egenskapane, kreves det at me lyttar, at me handlar, at me viser nestekjærleik, at me viser omsorg og at me har respekt for våre medmenneske. Me skal vera medmenneske og samfunnsbyggjarar, på ein slik måte at Ordenen er tent med at dei rundt oss veit at me er frimurarar. Det vil gjeva trivsel og glede, både til dei me møter og til oss sjølve.

For ein av hemmelighetene bak eit lukkeleg liv er å alltid leva livet her og no. Dagen i dag kjem ikkje igjen. Orførande Mester avslutta med å be brødrene ta godt imot kveldens resipiend og nye broder og gratulerte han og øvrige brødre med dagen.

Sist redigert tirsdag, 30 juni 2015 06:47