Flott møte på Eidsborg 22.april

Onsdag den 22. april 2015 hadde Vest-Telemark frimurargruppe sitt vårmøte  på Vest-Telemark museum i Eidsborg.

19 brødre møtte fram og fekk  oppleve eit møte litt utenom det vanlege, eller rettare sagt noko meir enn det vanlege.

 

Foran Eidsborg Stavkirke Foran Eidsborg Stavkirke

Etter at ordførende broder Arne Øy hadde opna møtet på ritualmessing måte og ønskt velkommen, så gjekk vi over tunet til den gamle ærverdige stavkyrkja.

Der fikk vi ein innføring i  broderbandet og broderkjeden sett i et historisk perspektiv,  delvis på norsk og like mykje på gammal norsk, framført av broder Reidar Skogheim. Høvdingen Dag Eilevson på Bratsberg ca år 1000 var ein sentral person i denne soga.DagEilevson

Etterpå danna vi ei høgtidleg broderkjede inne i stavkyrkja.

Så vandra vi ut på kyrkjegarden til minnesteinen over lensmann og stortingsmann Petter Mandt, og fekk der ei forteljing av broder Magne Wraa om Monsør Micael Mandt som kom fra Danmark til Vesttelemark tidleg på 1700-tallet med sylvsmedkunstner og  anna livsvisdom. Svært mange av nærverande Vest-Telemarkingar slektar eller har famileband tilbake til han. Broder Magne avslutta med orda "Måtte me også sette varige spor etter oss, det skje, det skje mine brødre"

Så var det taffel med rømmegraut og spekemat, etter eit herlegt brodermåltid tok vi ein vandretur gjennom museets utstillingar og så vart kvelden avslutta med kaffi og kake.

Sist redigert torsdag, 21 mai 2015 18:30